Bremykt Logo

Veldig gode eplesnurrar med karamelliserte epler og karamellglasur.Desse er spesielt gode med norske epler no om hausten.

Ingredienser

Deig:
75 g Bremykt
2 dl mjølk
1 egg
25 g gjær
50 g sukker
2 ts kardemomme
1 ts salt
ca 450 g kveitemjøl
1 egg til pensling
Karamelliserte epler:
2 - 3 norske epler
4 ss Bremykt
3 ss brunt sukker
litt salt
1 ts kanel
Karamell:
100 g sukker
4 ss vatn
2 ss Bremykt
1 dl kremfløyte
2 klyper maldonsalt

Fremgangsmåte

1. Skrell epla og ta ut kjernehuset.
2. Skjer dei opp i teningar.
3. Smelt Bremykt i steikjepanna.
4. Ha i epla, sukker, salt og kanel.
5. Steik til eplebitane er møyre og ta panna av plata.
6. Lag karamell ved å blande sukker og vatn i ein kjele.
7. Kok opp, utan å røre.
8. La dette koke til sukkeret blir til ein gyllen karamell.
9. Ha i Bremykt og rør litt.
10. Slå i litt om senn av fløyta.
11. Rør inn salt og la det småkoke i 2 - 3 minutt.
12. Lag ein gjærdeig, på vanleg måte, anten for hand eller i ein kjøkkenmaskin.
13. La deigen heve til dobbel storleik, ca 30 minutt og dekk bollen med plast.
14. Ta deigen på benken og kjevle han til eit rektangel.
15. Smør epla utover.
16. Gjer det same med litt av karamellen.
17. Rull saman til ei pølse og skjer opp i 12 like store emne.
18. Legg desse i bakepapirkledd liti langpanne, ca 30 x 20 cm.
19. Dekk med plast og la dei etterheve, ca 30 - 40 minutt.
20. Pensle med samanpiska egg og steik ved 180 grader C, ca 20 minutt.
21. Avkjøl på rist.
22. Rett før servering smør ein over resten av karamellen og rører ut litt melis med vatn og renner over i ein tynn stråle.

NB! Denne oppskriften ble sendt inn som et bidrag i Norges Beste Bakst. Bremykt kan ikke garantere at oppskriften er fullstendig. Gi oss gjerne beskjed om du skulle oppdage feil ved oppskriften. Tusen takk for hjelpen!