Bremykt Logo

Nydeleg krans med bringebærfyll og perlesukker på toppen.

Ingredienser

Til 1 krans treng du:
500 g kveitemjøl
2,5 dl H-mjølk (lunka)
75 g sukker
1 ts salt
1 ts kardemomme
1 egg
1/2 pk tørrgjær
75 g smør i terningar
Fyll og topping:
ca 300 g bringebærsyltetøy
perlesukker
1 egg til pensling

Fremgangsmåte

Slik gjer du:
1. Ha alle ingrediensane, unnateke smøret, i ei kjøkkenmaskin. (Eg held som regel tilbake 50-100 g av kveitemjølet, og strør det over rett før utbaking.)
2. Elt på sakte-middels fart i ca 10 min til du har ei deig som slepp bakebollen.
3. Ha i smøret, delt i terningar, og elt vidare i ca 10 min.
4. Dekk med eit lokk/tallerken og la heve så lenge du har tid, gjerne to timar.
5. Kjevle deiga til eit rektangel på ca 40×50 cm.
6. Smør utover bringebærsyltetøy.
7. Rull saman til ei pølse på langs.
8. Del pølsa på langs, men la det vere igjen to cm i eine enden.
9. Flytt pølsa over på eit bakepapir.
10. Flett kransen ved å leggje den eine delen over den andre, slik at det blir tvinna.
Form ein krans.
11. Legg eit kjøkkenhåndkle over og la etterheve i 15-20 min.
12. Set steikeomnen på 180 grader.
Pensle med egg og strø perlesukker på.
Steik i ca 30 min, til kransen er gyllen på undersida. Følg med og legg eit bakepapir over dersom kransen held på å bli brent.
13. Avkjøl på rist.
Pynt med ekstra bringebærsyltetøy på toppen før servering.

NB! Denne oppskriften ble sendt inn som et bidrag i Norges Beste Bakst. Bremykt kan ikke garantere at oppskriften er fullstendig. Gi oss gjerne beskjed om du skulle oppdage feil ved oppskriften. Tusen takk for hjelpen!