Smultringer er en klassiker, men her har du en oppskrift med en ny vri! Disse smultringene er nemlig tilsatt sitruszest.

Ingredienser

(ca. 30 stk.)
250 g egg
350 g sukker
1 dl Bremykt (smelta)
2 dl kulturmjølk
2 dl H-melk
650 g kveitemjøl
2,5 g kardemomme
8 g bakepulver
Zest frå appelsin og sitron
ca. 6 g appelsin / 6 g sitron

Fremgangsmåte

Denne smultringoppskrifta er berekna for smultringpresse/sprøyte. Alle ingrediensar må vere romtemperert. Veg gjerne opp ingrediensane nokre timar før du skal lage røra og la dei stå ute på kjøkkenbenken. Eventuelt kan egg, rapsolje og kulturmelk/ H-melk lunkast i varmt vatn til ‘fingervarmt’ rett før røra skal lagast (kvar for seg).
Pisk egg og sukker til luftig eggedosis i kjøkkenmaskin.
Medan eggedosisen piskast, riv skall av appelsin og sitron med eit zestjern. (kun den farga delen av skallet skal brukast)
Tilsett rapsolje, kulturmelk og H-melk i ei tynn stråle på låg hastigheit.
Ta bollen av kjøkkenmaskina. Sikt i alt det tørre og vend forsiktig inn med ein slikkepott. Tilsett appelsin/ sitronzest til slutt. Dekk til bollen og la røra stå og svelle i 30 minutt på kjøkkenbenken.
Varm smult eller nøytral olje som rapsolje i ein litt stor kjele. Smulten/ oljen skal ha ein temperatur på omkring 180-190 grader, og dette kan du sjekke nøyaktig ved å bruke eit termometer eller omtrentleg ved å dyppe enden på ei tresleiv ned i oljen og sjå at det brusar/ boblar godt rundt.
Ha røra oppi smultringpressa og trykk ut smultringar direkte i kjelen. Snu smultringane når dei byrjar å få ein fin brunfarge. Smultringar skal ha ein jamn og fin gyllenbrun farge på begge sider.
Legg dei ferdigsteikte smultringar over på papir, gjerne med avis under, slik at overflødig smult/ olje renn av. - Server!
Smultringar oppbevarast best i tett pose eller boks i frysaren.
<i>Oppskrift av Baker- og konditorlandslaget.</i>