Bremykt Logo

Desse muffinsane smakar veldig godt medan dei er lunka, for då kjenner ein den gode smelta sjokoladen.

Ingredienser

125 g Bremykt
125 g sukker
3 egg
5 ss mjølk
1 ts vaniljesukker
1 ts bakepulver
200 g kveitemjøl
2 ss bakekakao
12 bitar mørk kokesjokolade

Fremgangsmåte

1. Rør Bremykt og sukker til det er lyst og luftig.
2. Tilset 1 egg om senn, medan ein vispar vidare.
3. Tilset mjølka.
4. Sikt inn kveitemjøl med bakepulver, vaniljesukker og bakekakao.
5. Vend dette godt inn med ein rørespade.
6. Fordel røra i 12 muffinsformer.
7. Set ein bit kokesjokolade i midten av kvar muffins.
8. Steik ved 180 grader C, ca 15 - 18 minutt.
9. Avkjøl muffinsane på rist.
10. Server muffinsane medan dei framleis er varme, slik at sjokoladen i midten er god og nesten flytande.

NB! Denne oppskriften ble sendt inn som et bidrag i Norges Beste Bakst. Bremykt kan ikke garantere at oppskriften er fullstendig. Gi oss gjerne beskjed om du skulle oppdage feil ved oppskriften. Tusen takk for hjelpen!