175 g Bremykt
200 g sukker
3 egg
1 3/4 dl mjølk
350 g kveitemjøl
3 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
2 ss bakekakao
ca 150 g non stop + nokon til pynt
ca 200 g salte peanøtter + nokon til pynt
Sjokoladekrem til pynt:
100 g Bremykt
100 g melis
1 ts vaniljesukker
1 ss kakao
litt sterk kaffe
1. Rør Bremykt og sukker lyst og luftig.
2. Tilset 1 egg om senn og visp vidare.
3. Tilset mjølka.
4. Sikt kveitemjøl, bakepulver, vaniljesukker og bakekakao i og rør inn.
5. Knus non stop og peanøtter og rør det inn.
6. Fyll røra i 24 muffinsformer. Det er lurt å la dei stå i eit muffinsbrett.
7. Steik muffinsane ved 180 grader C, ca 20 minutt.
8. Avkjøl muffinsane på rist.
9. Lag sjokoladekremen ved å vispe saman Bremykt, melis, vaniljesukker og litt sterk kaffe.
10. Smør på sjokoladekremen med ein kniv.
11. Pynt på toppen med non stop og peanøtter.