Haustkake med snødryss
Det har vore så dårleg ver nokon dagar no, at eg tenkte at dette måtte bli ei Haustkake. Elles likar eg godt kaker med nøtter.

Marit Røvang
Ingredienser
200 g Bremykt
3 dl sukker
5 egg
200 g hasselnøtter
4 dl rosiner
5 1/2 dl kveitemjøl
1 ts bakepulver
Fremgangsmåte
1. Rør margarin og sukker lyst og luftig.
2. Tilset eit egg om gangen.
3. Grovhakk hasselnøttene.
4. Bland dei med rosinene og litt av kveitemjølet.
5. Rør blandinga inn i røra.
6. Tilset resten av mjølet, blanda med bakepulveret.
7. Hell røra i ei silikonform eller bakepapirkledd springform, 24 cm.
8. Steik kaka på nederste rille ved 150 grader C, ca 1 1/2 time.
9. Kvelv kaka på eit fat og dryss over eit lite melisdryss, rett før servering.
blir best med Bremykt