125 g Bremykt
225 g sukker
2 egg
150 g kveitemjøl
2 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
ca 150 g hakka mørk sjokolade
1 boks kremfløyte
jordbær
blåbær
1. Rør smør og sukker kvitt.
2. Tilset 1 og 1 egg og rør desse godt inn.
3. Grovhakk sjokoladen og rør den godt inn.
4. Sikt saman kveitemjøl, bakepulver og vaniljesukker og bland dette godt inn med ein rørespade.
5. Hell røra i ei bakepapirkledd springform, ca 23 cm.
6. Steik kaka nedst i omnen, ca 30 minutt, ved 175 grader C.
7. Avkjøl kaka i formen, før ein løsnar etter kanten med ein kniv.
8. Legg kaka på eit rundt fat og pynt gjerne med krem og friske bær.