Kanelsnurrar i ei form saman med vaniljekrem. Kan det bli betre? I tillegg ser kaka feiande flott ut på bordet

Ingredienser

Kanelsnurrar
1 kg kveitemjøl
5 dl lunka H-mjølk
150 g sukker
1 ts salt
1 ts kardemomme
1 egg
1 pk tørrgjær
150 g smør i terningar
Fyll
Smør
Kanel
Sukker
Vaniljekrem
5 eggeplommer
4 ss sukker
2,5 dl mjølk
3 ts maizena
1 ts vaniljesukker
Topping
Melis
Mandelskiver

Fremgangsmåte

Kanelsnurrar:
Ha alle ingrediensane til kanelsnurrane, unnateke smøret, i ei kjøkkenmaskin. Elt på sakte-middels fart i ca 10 min til du har ei deig som slepp bakebollen.
Ha i smøret og elt vidare i ca 10 min.
Dekk med plast og la heve så lenge du har tid, gjerne to timar. I mellomtida lagar du vaniljekremen (sjå under).
Smør ei rund kakeform og trykk uttover litt av deiga (på størrelse med ei stor appelsin) slik at botnen er dekka. Ha vaniljekremen over.
Kjevle resten av deiga til eit stort rektangel. Smør den og strø over kanel og sukker.
Brett deiga ein gong og del opp i 1-2 cm tjukke strimlar.
Tvinn strimlane og snurr/knyt dei før du legg dei opp i kakeforma. Fyll opp, men la det vere litt rom mellom dei. Dei kanelsnurrane du får til overs legg du på bakepapirkledd steikebrett. Dekk begge deler med plast og la etterheve medan omnen varmar seg opp.
Set steikeomnen på 180 grader. Pensle med egg og steik brettet med kanelsnurrane først. Midt i omnen i 15-20 min.
Pensle Prinsessekaka med egg og strø over mandelskiver. Steik på nederste rille i 50-60 min.
Etter halve steiketida kan det vere lurt å legge eit bakepapir over for å ikkje få brent topp og rå kake.
Avkjøl på rist før du forsiktig losnar forma.
Bland melis med litt vatn og ha over til pynt. Klar til servering:)
Vaniljekrem:
Ha alle ingrediensane i ei kasserolle.
Visp kraftig til det kokar opp.
Avkjøl.

NB! Denne oppskriften ble sendt inn som et bidrag i Norges Beste Bakst. Bremykt kan ikke garantere at oppskriften er fullstendig. Gi oss gjerne beskjed om du skulle oppdage feil ved oppskriften. Tusen takk for hjelpen!