Kanelblome har eg valt å kalle denne flotte gjærbaksten etter den engelske tittelen cinnamon flower cake. Andre namn kan vere kveiteblome (hveteblomst), kveitesnøfnugg (hvetesnøfnugg) eller kanelrose. Same kva du vel å kalle den tippar eg du blir populær når du set den på bordet. Lun kveitebakst med sukker og kanel er ein favoritt både hjå barn og vaksne.
1 kg kveitemjøl
5 dl H-mjølk (37 grader)
150 g sukker
1 ts salt
1 ts kardemomme
1 egg
1 pk tørrgjær
150 g smør i terningar
Fyll og topping:
ca 4 ss smelta smør
3-4 ts kanel
5-6 ts sukker
1 samanvispa egg til pensling
2-3 ts perlesukker eller melis
1. Ha alle ingrediensane, unnateke smøret, i ei kjøkkenmaskin. Elt på sakte-middels fart i ca 10 min til du har ei deig som slepp bakebollen.
2. Ha i smøret, delt i terningar, og elt vidare i ca 10 min.
3. Dekk med plast og la heve så lenge du har tid, gjerne to timar.
4. Del deiga i fire. Kjevle den første til ein pizzabotn og legg på eit bakepapir. (Du kan ikkje flytte blomen etter at den er ferdig..!)
5. Ha på smør, strø over kanel og sukker.
6. Gjer det same med dei to neste deigemna, og avslutt med å legge den siste på toppen.
Del opp som vist på bileta på bloggen, tvinn to og to strimlar frå kvarandre rundt heile blomen. Eg synest tre rundar/vriar er passe. Legg skøytane mot kvarandre.
7. Legg eit kjøkkenhåndkle over og la etterheve i 10-15 min. (Hevar du for lenge viser mønsteret på blomen dårlegare.)
8. Set steikeomnen på 180 grader.
9. Pensle med egg og strø eventuelt perlesukker på. Steik i 30-40 min, til blomen er gyllen på undersida (løft forsiktig for å sjå).
10. Avkjøl på rist.
NB! Denne oppskriften ble sendt inn som et bidrag i Norges Beste Bakst. Bremykt kan ikke garantere at oppskriften er fullstendig. Gi oss gjerne beskjed om du skulle oppdage feil ved oppskriften. Tusen takk for hjelpen!